Vikingane sine gudar langs fjorden

Av Johs. B. Thue

I tidleg vikingtid stod dei norrøne eller dei ålmenn-europeiske gudane vernande rundt menneska, som dyrka gudane sine slik andre europiske folk også gjorde. Gjennom stadnamn i fjordlandskapet vårt i Indre Sogn finn vi klare spor etter denne religiøse arven. Her er Gudvangen, Guds eigen vang. Nærøyfjorden har namnet sitt etter guden Njord. Før vi byrjar å segla inn Aurlandsfjorden, møter vi den grøderike Fresvik-bygda, som rett og slett tyder Frøys vik.

Nærøyfjorden har altså namnet sitt etter guden Njord. Han budde på himmelen, i Noatun, og rådde over ver og vind. I tillegg styrte han havet og elden. Det var Njord som skulle påkallast ved sjøferder og fangst. Njord var ufatteleg rik. Han var handelsguden, marknadsguden. Vi kan tenkja oss at folk frå innlandet, frå Voss og der i kring, nærma seg sjøen, fjorden, med respekt og redsle. Derfor måtte dei stå på godfot med denne sjøvernande guden. Det er såleis ein rimeleg tanke at det var vossingane som namnesette fjorden. Nærøyfjorden blei døypt i Njords namn for å påkalla alle gode krefter i møte med sjø og hav.

Inst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen. Alle stadnamn som har etterlekken –vang, fortel om religiøse, rituelle handlingar. Slike handlingar må ha funne stad på Vossevangen, i Gudvangen og på Aurlandsvangen. Desse –vangen-namna ligg i same løypa, langs den eldgamle ferdselsvegen mellom vest og aust i landet vårt. Denne ferdselsvegen kan ha skapt grunnlag for marknadsplassar, der innlandet møter sjøen, fjorden.

Anne Stine Ingstad, vår verdskjende arkeolog, som påviste norrøn og europisk busetjing i Nord-Amerika fem hundre år før Columbus steig i land på dette kontinentet, skriv såleis at Gudvangen kan ha vore ein svært tidleg marknadsstad. Det er ein rimeleg tanke.

Krossneset stikk ut i fjorden og er godt synleg for alle. Neset må ha namn etter ein kross som har vore plassert der. Dette fører oss beint inn i diskusjonen om steinkrossane, som vi helst finn langs skipsleia frå Rogaland og nordover vestkysten vår. Krossane hadde stor symbolkraft i striden mellom den gamle gudelæra og den sigrande kristne trua. Vi finn også ein slik steinkross på Voss, ein av dei få innlandskrossane våre.

Vossakrossen blei sett opp langs ruta mellom aust og vest. Krossneset vitnar om religiøs konflikt, mellom det gamle og det nye. Innafor religiøs forskning i Europa er det i dag stort sett fagleg semje at steinkrossar blei sette opp for å signalisera at attanfor for her rådde Kristus. Her var hans land, men Njords namn levde vidare fram til i dag.

Det gjer også Frøy i Fresvik, innfallsporten til Aurlandsfjorden, som kløyver seg ved den skråstilte Beitelen. Beitel på gamalnorsk tyder ein meisel, eit hoggjarn til å forma trevirke og steinar. Med beitelen blei den trange Nærøyfjorden hoggen ut i landskapet, av overnaturlege vette, trudde dei gamle. Namnet Trollgjelet fortel om trua på desse gigantane, som sette uskjønelege spor i landskapet, og som forma nes, fjordar, fjell og gjel.

I den norrøne gudelæra var det nært slektskap mellom Njord og Frøy. Njord i Noatun på himmelen fekk to born med Skade. Sonen heitte Frøy og dottera Frøya. Dei var vakre og sterke. Frøy rådde for regn og solskinn. Slik hadde han makt over markens grøde. Han skullepåkallast for å få gode år og gode avlingar. I Fresvik, Frøys vik, finn vi også garden Hov. Det må ha vore ein sentral, norrøn samlingsstad for utfalding av religiøse sermoniar. Sentralt i dyrkinga av naturkreftene stod sola, den store livgjevaren. Garden Hov i Fresvik ligg på den staden i bygda der sola først kjem att etter å ha vore borte om vinteren. I Solaløysa ved Styvi skin derimot aldri sola, verken sommar eller vinter. Men Solaløysa er alltid grøn om sommaren.