Lensmannsstova

Onstad var tidlegare sentrum i Aurland. Her budde lensmannen, og her var tingstaden. Her ligg hovudbygningen på garden og Lensmannsstova.

Lensmannsgarden ligg på Onstad og var eitt av to bruk (seinare tre). Garden, som har mange gravhaugar, er ein av dei største i Aurland og har etter måten mykje flatt lende. Garden har vore lensmannsgard i fem ættled frå kring 1700. «Gamlelensmannen» slutta som lensmann i 1912 og døydde i 1929. Han var den siste i rekkja av fem. Garden ber framleis namnet Lensmannsgarden.

Gamlelensmennene budde i Lensmannsstova, som skal vera bygd i første halvdel av 1800-talet. Ho stod då i tunet, nær hovudbygningen, men vart flytt litt i utkanten av tunet i 1953. Her samla Aurland Sogelag inventar og gjenstandar og gjorde stova til museum. Den store kvite hovudbygningen på tunet kan ha vore bygd ein gong på 1700-talet. Han vart nytta til kontor for lensmannen og elles til gjester. Ved tusenårsskiftet er bygningen framleis i bruk som bustad på garden.

Lensmannsstova er forebels stengt for publikum.

Tinghaugen i tunet på Lensmannsgarden har uviss alder, men var stad for bygdetinget, truleg frå Håkon den gode si tid. Det var han som innførde tingordninga på slutten av 900-talet. Haugen har truleg vore nytta fram mot Svartedauden (1349). 1500-talet og 1600-talet hadde ambulerande ting. På 1700-talet vart det ei fastare tingordning, for då vart tinget lagt til Gjestgjevarstaden på Onstad, som fekk offentleg løyve i 1737. Her heldt dei tingseta fram til 1870-åra, då brua over elva kom, og tinget vart flytt over til Vangen.