Bygdebøker

I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Her fins en oversikt over alle bøkene vi har publisert. Bøkene kan kjøpes på Lokalhistorisk Senter og Aurland Sparebank, eller bestilles her nede. Tillegg for sending av bygdebøker er 100Nkr.

Soga om Flåm band II B
Gasta Design Gasta Design

Soga om Flåm band II B

Den 3. boka i «Soga om Flåm» tek føre seg gardane Dalsbotn, Tunshelle, Kårdal, Melhus, Berekvam, Vidme og Brekke og stasjonsstadene Myrdal og Upsete.

Svein Indrelid, utgjeven i 2009

500 Nkr

Les mer
Du gamle soge som stødt er ny
Gasta Design Gasta Design

Du gamle soge som stødt er ny

Dei store linjer, kvardagen, dei kristne verdiane og eit forsvar for Bygde-Noreg. Hefte basert på det manuskriptet Anders J. Ohnstad let etter seg då han døydde i 2007.

Anders J. Ohnstad, 99 sider, utgjeven i 2008

50 Nkr

Les mer
Gardssoge for Undredal og Nærøy
Gasta Design Gasta Design

Gardssoge for Undredal og Nærøy

Dette er ei kombinert gards- og slektssoge. Det er 18 gardar i området, og historia til desse, frå dei eldste tider og fram til 2006, er omtala. Viktige tema er auke i folketalet, bruksdeling, framvekst av husmannsstellet, utvandring til Amerika og dei ulike sidene ved produksjonen på gardane.

Slektsdelen gir oversyn over dei fleste familiane i området, frå midt på 1600-talet og fram til år 2006. Her eg også eit godt oversyn over korleis gardar og bruk har vorte delte opp i store og små eigedomar. Det er fleire store fargebilete i boka.

Åsmund Ohnstad, 768 sider, utgjeven i 2006.

500 Nkr

Les mer
Aurland Stadsnamn og kulturhistorie
Gasta Design Gasta Design

Aurland Stadsnamn og kulturhistorie

Stadnamn i Aurland og kva desse fortel oss av spennande historie. I tillegg artiklar om mellomaldersoga og ikkje minst om fiske i fjord og elv.

Erlend Vinjum, 316 sider, utgjeven i 2004

350 Nkr

Les mer
Bygde-Noreg er liv laga
Gasta Design Gasta Design

Bygde-Noreg er liv laga

Glimt frå dagleglivet i Aurland, historiske emne og eit forsvar for produksjon, i staden for berre å kjøpa.

Anders J. Ohnstad, 93 sider, utgjeven i 2003

130 Nkr

Les mer
Soga om Flåm, Band I: Bygdi
Gasta Design Gasta Design

Soga om Flåm, Band I: Bygdi

Dette er soga om Flåm, frå dei eldste tider og fram til i dag. Det startar med dei fyrste far etter folk og så fylgjer ein utviklingi gjennom skiftande tider. Arbeidslivet på gardane er grundig skildra. Det same er Bergensbanen og Flåmsbana og det dei har hatt å seia for Flåmsbygdi.

Svein Indrelid, 383 sider, utgjeven 2003

500 Nkr

Les mer
På historisk vandring
Gasta Design Gasta Design

På historisk vandring

Ei samling av svært interessante artiklar om utviklinga i Aurland dei siste hundreåra. Natur, utvandring, Bergensbanen og Flåmsbana og livet på gardar og i grender.

Magne Bjørnestad, 200 sider, utgjeven i 1998

250 Nkr

Les mer
Glimt frå Aurlandssoga II
Gasta Design Gasta Design

Glimt frå Aurlandssoga II

Denne boka har mellom anna artiklar om driftehandelen, hovdingsete i Kvam, Aurlandsskoen, stølsarbeid og glimt frå krigsåra.

Anders Ohnstad m.fl., 256 sider, utgjeven i 1997

250 Nkr

Les mer
Gardssoga for Aurland III, Frå Loven til Frondalen
Gasta Design Gasta Design

Gardssoga for Aurland III, Frå Loven til Frondalen

Boka omtalar 18 gardar på sørsida av Aurlandselva, i Vangen sokn. Framstellinga femner om dei eldste tider fram til midt på 1900-talet. Arbeidsliv og levemåte er vektlagt. Oversyn over brukarane til ulike tider.

Anders Ohnstad, 376 sider, utgjeven i 1996.

380 Nkr

Les mer
Aurland mellom fjord og fjell
Gasta Design Gasta Design

Aurland mellom fjord og fjell

I dette heftet skildrar Anders Ohnstad arbeidslivet og dagleglivet, utfrå det han sjølv har opplevd og det andre har fortalt.

Anders Ohnstad, 104 sider, utgjeven i 1994

200 Nkr

Les mer
Among the Fjords and Mountains
Gasta Design Gasta Design

Among the Fjords and Mountains

A summary of Aurland’s history (English)

A book on Aurland’s history – Prehistoric times, Viking Age, Life on the old farms, The emigration to America and much more.

Åsmund Ohnstad, 119 sider, utgjeven i 1994

200 Nkr

Les mer
Gardssoga for Aurland II, Frå Skjerdal til Tero
Gasta Design Gasta Design

Gardssoga for Aurland II, Frå Skjerdal til Tero

Boka omtalar 14 gardar på nordsida av Aurlandselva, i Vangen sokn. Framstellinga femner om dei eldste tider fram til midt på 1900-talet. Arbeidsliv og levemåte er vektlagt. Her er oversyn over brukarane til ulike tider.

Anders Ohnstad, 366 sider, utgjeven i 1994.

250 Nkr

Les mer
Aurdal Gnr. 12 Aurland i SognGardssoge
Gasta Design Gasta Design

Aurdal Gnr. 12 Aurland i SognGardssoge

Oversyn over garden Aurdal si dramatiske historie. Storgard før svartedauden, den mørke tida etterpå og så ei lysare tid som prestegard og til sist jordbruksskule.

Anders J. Ohnstad, 71 sider, utgjeven i 1992

50 Nkr

Les mer
Djup fjord og høg himmel
Gasta Design Gasta Design

Djup fjord og høg himmel

Festskrift til Anders J. Ohnstad sin 80-årsdag 27. juni 1991. Ei samling av artiklar som syner breidden i forfattarskapet, bibliografi og gjennomgang av målbruken.

Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik, 202 sider, utgjeven i 1991

Norsk Bokreidingslag

150 Nkr

Les mer
Glimt frå Aurlandssoga I
Gasta Design Gasta Design

Glimt frå Aurlandssoga I

Denne boka har mellom anna artiklar om bruken av fjellet, samferdsle, skule og lagsaktivitetar.

Anders Ohnstad, 196 sider, utgjeven i 1991

150 Nkr

Les mer