Garden Åtnes

Av Åsmund Ohnstad

Garden er truleg ein av dei eldste i Aurland, kring 2000 år gamal eller noko eldre. Gardstunet ligg fritt og fint til oppå ein hammar med utsyn innover og utover Aurlandsfjorden. I fjellsida ovanfor gardstunet er skog, slåtteteigar og stølar. Mesteparten av bøane ligg nedom tunet. Det er god jord på garden, men i periodar kan det verta for turt. På Fronnes, tvers over fjorden, ligg åtte gravrøyser, lagde opp av steinar. Det var gjerne slik at dei døde skulle sjå heim att, og desse røysene vender beint mot Åtnes. Desse røysene kan vera like gamle som garden.

Folkevekst etter Svartedauden

I 1522 var det to bønder på garden, Halvar og Olaf, og truleg budde 12-15 personar her då. Me må rekna med at det budde folk her i alle åra etter Svartedauden i 1349/50. Folketalet på garden steig etter måten fort før og etter 1600, og i 1666 var her fem bønder. Dei avla 40 tønner korn, hadde 4 hestar, 60 storfe og småfe. Truleg levde mellom 30 og 40 menneske på garden då. Utover 1700-talet og i første halvdel av 1800-talet steig folketalet mykje, slik at i 1845 var det 58 menneske på garden. Fem bønder og fire husmenn budde her. Husmennene leigde noko jord hjå og arbeidde for bøndene i onnene.

Tunet

Kring 1700 var det skifte av brukarar på garden, og dei eldste husa på er truleg frå denne perioden. Guttormstova er ei solid, tømra stove, no med loft. Dei fleste andre husa på garden er frå 1800-talet. Fire av bruka låg oppe på hammaren, medan eitt låg lenger mot nord og nærare sjøen. Husa på dette bruket har truleg vorte plasserte her i samband med bruksdeling på 16- eller 1700-talet. Utpå 1900-talet vart husa på dette bruket rivne. Husmennene hadde også tufter nord for gardstunet og lenger ned mot sjøen.

Skog og utmarker

Garden hadde avgrensa innmark, i 1860-åra kring 220 mål. 75 mål gjekk til åker, til korn og potetdyrking, og 145 mål gjekk til produksjon av gras. Likevel henta dei halvparten av fôret frå utmarka, gras frå slåtteteigane og lauv frå skogen. Driftsforma, med enkle reiskapar slik som langorv, stuttorv, grev og greip, var arbeidskrevjande og arbeidsinnsatsen frå tenarar og husmenn, var nødvendig for å halda drifta i gang. I 1845 var det fire husmenn og fire tenarar her. Husmennene og deira koner arbeidde gjerne på garden i våronna og i innhaustinga mot ei avtala dagløn. Tenarane festa seg som regel for eitt år i gongen, mot hus, mat og ei heller låg løn.