Folketal, busetnad og næringsvegar langs Nærøyfjorden

Av Åsmund Ohnstad

Dei fleste gardane vart rydda etter Kristi fødsel. Undredal og Dyrdal kan vera noko eldre. Etter Svartedauden i 1349/50 var det truleg berre folk i Undredal og Dyrdal. Etter 1850 vart nokre gardar forletne på grunn av utvandring til Amerika. Etter 1900 kom nye næringar til slik som anleggsarbeid, jernbanearbeid, småindustri og turisme.

Folketalsutvikling

Gardar og gardsbruk i drift – endring i folketalet.

År Kring 1350 1522 1556 1701 1845 1900 2006
Gardar 15-17 2 9 17 17 16 10
Bruk 40-60 4 12 23 40 53 14
Folketal 340-360 20-28 60-70 185-195 736 720 210

Gard = eit avgrensa område med bygningar, innmark og utmark der ein eller fleire familiar driv jordbruk

Bruk = eit område med bygningar og innmark der ein familie driv jordbruk. Familien har felles utmark (skogteig, støl) med andre.

Undredal og Hjøllo, er ei stor grend/lita bygd med kring 90 menneske. På det meste var det meir enn 280 personar her (1850). Jordbruk var den dominerande næringa fram til kring 1920. Då vart anleggsarbeid og jernbanearbeid eit alternativ. I dag er det 4 aktive gardsbruk og pendling til Aurland/nabokommunar.

Bakka/Tufte er ei lita grend med 2 aktive gardsbruk og kring 15 personar. Brukarane driv med geiter og sauer. 2-3 personar pendlar til arbeid.

Gudvangen og Ramsøy omfattar den gamle handels- og hotellstaden og 2 gardar. I dag bur her kring 35 personar. Her er to aktive bruk, hotell, butikk, bensinstasjon og 2 campingplassar. Hotellet og butikken har kring 15 heilårlege arbeidsplassar og mange fleire i sommarsesongen. Nokre personar pendlar til Aurland, Flåm og Voss.

Nærøydalen omfattar 5 gardar, her er barnehage, barneskule, møbelbedrift og gruvedrift. Ein bonde har kyr, ein har kyr og fôring/stell av hestar, to har sauer og ein har geiter. Skulen og dei to bedriftene sysselsett 15-20 personar. Elva som renn gjennom dalen er ei bra lakse- og aureelv. Grunneigarane leiger ut fiskeretten til sportsfiskarar.

Husdyrhaldet/ stølen

Husdyrhald og åkerbruk var næringsgrunnlaget i eldre tider. Kyr og geiter produserte mjølk som vart nytta på mange måtar. Bøndene laga smør og ost, og mjølka vart brukt i mange forskjellige rettar. Først etter 1900 begynte bøndene å levera mjølk til meieri. Husdyra vart sleppte ut or fjøsen i byrjinga av mai månad. Dei var på stølen juni-september, dei beita heime i oktober, og dei var i fjøsen november-april.

Mjølkeproduksjonen var veldig høg på stølane. Dyra var ute i frisk luft i naturen, og dei fekk eta friskt og næringsrikt fjellgras. Etterkvart som sommaren skreid fram, voks det opp friskt gras høgare oppover i fjellet. Dette graset var meir næringsrikt enn det i låglandet.

Åkerbruket

Frå gamalt av dyrka bøndene bygg og blandkorn. Bygg høver i tørt klima, blandkorn i meir fuktig klima. I Aurland og Undredalsområdet dyrka dei bygg, men i Nærøy dyrka dei mest blandkorn. Kornet måtte skjerast, tørkast, treskast og fraktast til kvernhuset til maling før ein fekk matmjøl. Vanlege kornrettar var graut og flatbrød. Korndyrkinga varte fram til 1900-1920, og potetdyrking var vanleg fram til 1970-1990. Potetene vart tekne i bruk litt etter år 1800. Det var prestane som først begynte å dyrka poteter, og det tok lang tid før folk flest forstod verdien av denne veksten.