Stavenes

av Åsmund Ohnstad

Dampskipet ”Stavenes” vart levert til Fylkesbaatane frå Bergens Mekaniske Verksteder i 1904. Båten hadde då ei dampmaskin med ei yteevne på 260 hk. Etter levering gjekk båten i lokalrute på Sunnfjord og Nordfjord, men frå midten av 1920-åra gjekk han mest på Indre Sogn. Båten hadde ope bru fram til 1934. Då fekk han styrehus og vart ombygd slik at han kunne ta 7-8 bilar. Dette var eigenleg reiarlaget si første ferje, og det var strekningen Lærdal-Vadheim som vart trafikkert.

I 1954 vart Stavenes ombygd til motorskip, og han gjekk i ulike ruter fleire stader i fylket. På slutten av 60-talet gjekk Stavenes ut or teneste, og i 1972 vart han seld til ein engelskmann som skulle bruka Stavenes som fritidsbåt. Amerikanaren Jeff Hoffmann, som nokre år seinare vart astronaut og gjorde fleire turar i verdensrommet, førte båten over Nordsjøen – utan båtførarsertifikat. Båten vart liggjande i Liverpool og forfall mykje. Nokre privatpersonar oppdaga dette, kjøpte båten og førte han tilbake til Sogn og Fjordane. No vart også ”Veteranskibslaget Stavenes” skipa. Det viste seg vanskeleg å skaffa pengar til restaureringsarbeidet, og aktiviteten i dette laget stoppa opp.

I 2005 vart Stavenes ført til Nordsteam-festivalen i Bergen, og her låg han ved kai under festivalen og var eit døme på eit restaureringsprosjekt som var starta, men ikkje fullført. Hausten 2007 kom sentrale personar i Veteranskipsmiljøet i Bergen saman, og dei skipa ”Veteranskipslaget Stavenes” på nytt. Folka i dette miljøet har i løpet av dei siste åra bygt opp att dampskipa ”Oster”, frå 1908, og ”Stord”, frå 1913. Dei er såleis svært kompetente personar, og riksantikvaren har gitt tilsagn om løyvingar. Men målet er framleis at Stavenes skal tilbake til Sogn og Fjordane der han ein gong høyrde heime.

Difor bør folk i Aurland og nærliggjande område støtta opp om tiltaket, slik at ”Stavenes” ein gong i framtida kan bli ein del av det båtlivet som er på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden i sommarhalvåret. Dei som blir medlemer i laget, støttar prosjektet, og dei vil få innsyn i det som rører seg i veteranbåtmiljøet, særleg då i Bergensområdet.

Sjå meir informasjon på heimesida: www.ds-stavenes.no