Julaftan med tradisjonar frå Nesbø

Gurid Nesbø Stigen (f. 1918) fortel om korleis dei feira julaftan i Bakkane i Aurland i hennar yngre år. Det heile gjekk føre seg etter eit fast mønster og med tradisjonar frå Nesbø i Aurlandsdalen.

Førebuingi til julefeiringi starta om lag 3 veker før jul. Då bryggja dei, og som regel var det Sjur i Gjerlao som tok seg av det. So var det å samla oska til lutafisken som dei måtte laga heime. Grisen vart slakta slik at dei fekk laga sylteflesk og andre rettar. Flatbrød bakte dei over to heile dagar. Elles var det eit styr med vasking, pussing og pynting, inne og ute og frå kjellar til loft.

Sjølve julaftan var det fast program og mat heile dagen. Tidleg på dagen steikte dei mjelkekaker og potekaker over grua i vaskekjellaren. Desse vart serverte presis kl. 12.00 saman med kaffi. Kl. 14.30 var det eit lite mellommåltid. Kl. 17.00 vart det servert saltakjøt med poteter og nepestuing. Av og til ogso mylsa.

Juletreet, alltid ei furu sendt av bestefaren i Sogndal, vart teke inn i stova og pynta ut på ettermiddagen, gjerne medan kyrkjeklokkene ringde juli inn. Det var tradisjon at mykje skulle skje i siste liten.

Julekveldsmåltidet vart ei høgtidsam stund der far Gustav hadde regien. Dei to yngste borni, Gurid og Knut, sat på kvar si side av far sin. Mor Lovisa song fyrst ”Oss er i dag ein frelsar fødd”, i byrjingi riksmålsversjonen, men seinare på nynorsk. So las Gurid for maten, det var ei oppgåve ho hadde so lenge ho var den yngste ved bordet. Deretter vart lutafisken servert saman med mjelkesupa eller mylsa. Alle sat lenge ved bordet, og dei song fleire songar. Etter maten reiste far seg fyrst, og so alle dei andre. Alle takka far i handi, og etterpå tok alle kvarandre i handi. Skitne bidne kunne dei rydda ut, men maten skulle stå på bordet heile natti. Julereii kunne koma og då måtte maten stå framme.

Etter måltidet sette dei seg i stova og det vart snart ei eigi julelukt i huset, frå sigarar og appelsiner. No var det og tid for å opna pakkar, ei kjekk stund for borni. Gurid fortel at ho samla tomme medisinglas og leverte dei på Brødrene Wangen. 5 øre glaset var ikkje å forakta og nok til å kjøpa nokre fine julepyntkuler som ho kunne gje i gåve. Me hadde det eigentleg bra, fortel Gurid, men slik var det dessverre ikkje for alle i dei dagar. Det var ei tid då øre var pengar og smular var brød.

Gustav fortalde om juletradisjonane på Nesbø og segner frå Aurlandsdalen. På Nesbø hadde dei graut julaftan, og kjøt som dei steikte på omnen før dei skar det opp delte ut. Alt føregjekk i verdige former slik Gustav ville ha det i sin eigen heim. I julehelgi gjekk folki i Aurdalen på besøk til kvarandre. Då hadde dei mat med seg i ei korg, for det var ei skam å eta meir enn noko lite hjå andre. Julereii var dei redde for der framme. Gurid vart som barn litt redd når ho høyrde om julereii, det var nett som ho høyrde dei i Vinjabakkane etter at ho hadde lagt seg om kvelden. Og ikkje var det trygt for huldrene heller. Ein mann på Bedle vart innteken ei julenatt. Betre gjekk det for ein kar som for heimover Aurlandsdalen for å finna ut om det var lenge til jul. Då ropte det frå fjellet: Dagane 2 og nettene 3, og enno har du korkje bryggja eller baka. Dermed kunne han snu og gå heim att for å stella til jul. Gustav fortalde og om mor si som fødde 11 born og hadde 18 kyr på båsen. Ho vov alt vadmålstøyet sjølv, og mannen sydde klær til alle. Dei måtte streva mykje og vera sjølvhjelpne der framme på Nesbø. Dette var ein lærdom Gustav tok med seg ned til bygdi.

Fyrste juledag var det gudsteneste. Gustav, Lovisa og døtrene Margreta og Gina var med i songkoret. Men elles fekk dei ikkje vera ute fyrste juledag. Denne regelen vart handheva strengt, noko dei yngste tykte var litt seigt særleg om det var snø dei kunne leika i. Seinare i julehelgi var det juleselskap, saman med familie og grannar.

(Fortalt av Gurid Nesbø Stigen til Noralv Distad, 21. desember 2010)