Frå Aurland til Fjærland

Av Noralv Distad

I 1865 budde Ola Olsen, Guri Knutsdotter og sonen deira Elling på ein husmannsplass i Vinjane. Dei hadde ei kyr, tre sauer og sådde ei tønne poteter og ei åttandedels tønne bygg. Dei andre borni budde ikkje heime i 1865.  To var flytte til Fjærland. Ola Olsen var føddi 1803 på Bjørgo, Guri var føddi 1808 på  fjellgarden Stølabotn. 17 år gamal kom ho over fjellet til Aurland.

Ola døydde nyttårsdag 1886 og Guri 4. april 1896. Begge er gravlagde ved kyrkja i Fjærland. Dei hadde flytt til Fjærland på sine eldre dagar og budde der hjå sonen Knut og kona hans. Me ser i denne artikkelen nærare på denne familien og ein familie frå Horten og kvar i Fjærland dei busette seg.

Frå Bjørgo og Stølabotn

Ola Olsen var son til Ola Hansson Bjørgo og Marta f. Ty. Han hadde ein bror Hans som budde på Bjørgo. Hans hadde ein son Ola som mellom anna hadde desse borni: Kristine som kom til Turli, Ingeborg som kom til Skaim og Hans som kom til Vinjane. Alle desse har etterslekt i Aurland og interesserte kan lesa meir om dette i ættiboki for Aurland.

Guri sine foreldre var Knut og Anne som fyrst budde på Bakken (Hirjubakken) i Øvre Hol. Men då Guri vart fødd, hadde dei flytt til Stølabotn i Ynglesdalen, eit dalføre sørvest frå Strandavatnet. Staden ligg 1040 meter over havet. Det er fortalt at ein av brørne til Guri omkom i fjellet mellom Aurland og Hol. Stølabotn var vintrabustad berre dei åra Knut og Anne budde der.

Borni til Ola og Guri

Ola og Guri hadde desse borni: Marta, Ola, Anna, Guri, Knut og Elling. Anna vart gift med ein Vossing og hadde ei tid plass under Gjerlå, seinare reiste dei til Amerika. Guri vart gift med Nils Belle og reiste til Amerika. Ein av sønene deira heitte Peter. Han er nemnd som prest og kona hans Lukris Øyo frå Vassbygdi var misjonær på Madagaskar. Marta og Elling reiste og til Amerika. Ola og Knut flytte som nemnt til Fjærland.

Frå Vinjane og Horten til Fjærland

Ola O. d.y. Vinjane (1838 – 1915) og kona Ingeborg Torbjørnsdotter (1830 – 1896) flytte til Fjærland i 1865. Dei fyrste åra budde dei saman med foreldri til Ingeborg: Torbjørn Horten og Marta f. Tokvam. Staden var Dalen, ein fjellgard i Lidal på austsida av Fjærlandsfjorden.

Bror til Torbjørn, Nils Horten kom til denne garden rundt 1860. Han selde så til bror sin i 1863. Seinare kjøpte Ola og Ingeborg eit bruk nede ved sjøen. Samtidig hadde dei husmannsplass i Mundal. Ola var gift tre gonger, men hadde born berre med Ingeborg: Ola, Per, Torbjørn og Guri. Metta Horten, syster til Ingeborg, kjøpte i 1861 saman med mannen Per frå Vik ein tredje gard i Lidal, Jensdalen. Knut, bror hans Ola, arbeidde som dreng i Dalen midt på 1860-talet. Det var såleis aurlendingar frå to familiar på tre bruk i Lidal samstundes. Etterkvart fekk Dalen namnet Hortadalen på folkemunne. Fjellgarden nord for Nedberge på austsida av Aurlandsfjorden har såleis gjeve namn til ein fjellgard i Fjærland. Hortanamnet finn me og på Sunnfjord folkehøgskule der son til Torbjørn Horten som og heitte Torbjørn var grunnleggjar. Far til den Torbjørn som flytte til Lidal var lærar i Undredal fyrst på 1800-talet.

Om folket som budde på Horten er det sagt at dei stod seg rimeleg godt og at preiki i kyrkja i Undredal ikkje kunne ta til før Hortakona hadde sett seg.

Lidal

Det har ikkje budd folk fast i Lidal dei siste 10 åra. Men det er ein svært populær feriestad. Garden har ikkje veg og bruki må i vår tid reknast som svært tungdrivne. Det var dei gode fjellbeiti og stølane som var Lidal sin styrke. «Havnegangen er blant den beste i herredet» vart det sagt i gamle dokument. I dag er det berre store saueflokkar som nyt godt av desse rike beiti. Fjellbruket Dalen ligg høgt, men med mykje sol og det var rekna som ein god korngard. Verre var det med Jensdalen som låg på skuggesida. Her vart ikke kornet alltid moge. I 1778 kjøpte ein Lars Sjursen frå Flåm dette bruket. Han hadde mange born, sleit mykje og måtte etterkvart selja. Elles var bruka nede ved sjøen mykje utsette for flaumskade.

I 1865 budde det 54 personar i Lidal, i 1900 var folketalet 62. Fram til 1900 var det og skule i Lidal. I 1868 vart det sagt at bruki i Lidal kunne fø 54 kyr, 142 sauer og geiter og 3 hestar. Dei kunna hogga 40 mål bjørkeved og 30 buntar hatleband kvart år. Hatlebandi vart brukte på tønner. Ola og Endre Lidal var dei siste (nær 1980) som budde på det bruket Ola O., bestefaren deira, kjøpte nede ved fjorden. I tillegg til gardsdrifta hadde dei telefonstasjon, brevhus og ekspedisjon for Fylkesbaatane. Bruket er framleis i familien si eige.

Margit og Anna var dei siste som budde i Dalen. Dei hadde ein slitsam skuleveg, fyrst ned til sjøen, ofte i djup snø, og så over fjorden til Jordal. Men namni deira kom ikkje i fråversprotokollen. Torbjørn Horten var oldefaren deira. Anna lever enno og bur no i Balestrand. Dalen vart fråflytt i 1980. Bestefar til Margit og Anna heitte Per. Han hadde husmannsplass i Lidal og dreiv ein god del med handel. Mellom anna selde han korger i Aurland. Dette var vakre korger fletta av bjørkerøter. Horta -Per- korgene vart mellom anna nytta når kvinnene var å handla og dei var nok vesentleg meir slitesterke enn dagens plastposar. Frå Lidal var det i tidlegare tider ein god og populær vandrestig til Leikanger. Her kom det og tidleg telefonlinje.

Reiser du med sommarferja på Fjærlandsfjorden kan du sjå nærare på Lidal og dei andre gardane i Ytre Fjærland.

«Audlendingen»

Knut Olsen Vinjane (1847 – 1931) kom fyrst til Lidal som dreng 17 år gamal. Det var faktisk den 7. april 1864, for det var den dagen ho «Bendik-Olina» vart fødd. Dei gamle skreiv ikkje alltid opp datoar, men dei laga sine eigne gode hugsereglar. Seinare hadde Knut husmannsplass i Mundal. Han vart gift med Kari Mundal. Dei hadde fire born, to som reiste til Amerika, Maria vart gift med Knut Fosshage som mellom anna var borasmed på Gravahalsanlegget. Guri vart gift med Anders Mundal som hadde det bruket som ligg ved ferjekaien i Fjærland. No er det oldebarnet til Knut, Anders T, Mundal, som har bruket. I tillegg til arbeidet på plassen var Knut murar, kyrkjetenar og gravar. Saman med dotteri Maria og svigersonen kjøpte Knut i 1901 eit bruk på Berge.

Knut vart berre kalla «Audlendingen». Han hadde stor arbeidskapasitet og dyrka opp store areal. Han hadde ein eigen teknikk som vekte stor merksemd. Det gjekk enkelt nok ut på at han grov djupare enn andre. Dermed fekk han og tak på dei større steinane. I det bratte lendet gjekk det så greitt å få steinane vekk. Stoppar du på den fine rasteplassen på Berge, er ikkje vegen lang til dei områda «Audlendingen» dyrka lenger framme i dalen. Her la han og opp solide murar. Berge fekk veg i 1994 og i dag er det oldebarnet Arnold som driv garden.

(artikkelen tidlegare publisert i «Aurlendingen»)

Kjelder: Bygdebøker Aurland og Balestrand. Databasar Fylkesarkivet, Matrikkelkommisjonen 1868, Notat ved Olav E. Lidal (oldebarnet til Ola og Ingeborg). Munnlege opplysningar ved Anders Ohnstad, Kari Mundal, Gjertrud Haugen, Steinar Distad og Hans E. Distad.

1. «Audlendingen» Knut Berge fødd i Vinjane og kona Kari Mundal (Foto utlånt av Kari Mundal som er dotterdotter til «Audlendingen»)