Susanna Ryum og morsdraumen i sjela til Per Sivle

Av Johs. B. Thue

Det er få songar som rører oss så sterkt som ”Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga”. Det er den morlause sonen si hylling til mor si. Per Sivle skreiv denne songen. Sivle var ein stor diktar og kritisk redaktør. Han hadde heile Nærøyfjordområdet og Flåm som tumleplass i barndommen.

Mor hans sin lagnad er eit realistisk sørgjespel over kvinneliv i gamal tid. Susanna Ryum, som ho heitte som jente, døydde berre 38 gammal, hausten 1859, etter at ho hadde fått det tredje tvillingparet på to og eit halvt år. Per hadde eit uklårt og veikt minne om henne, ” liksom ein skimt eller ljoske av andletet hennar”.

Mora og morsslekta fekk likevel mykje å seia for han, skriv Bjarte Birkeland i doktoravhandlinga si om Per Sivle. Ho høyrde til Fretheim-slekta, ei av dei sterkaste slektene i indre Sogn. Det var flinke og mektige folk. Far til Susanna, Anders Hylland frå Nærøydalen, blei gift med Kari Torsteinsdotter Fretheim. Ho sat som enkje på Ryum før ungkaren Anders Hylland fridde og fekk ja.

Per kom til å kjenna seg nær knytt til mora og morsslekta. Etter at han blei vaksen, var han ofte hos moster si, Gjertrud Flåm. Då sa han mange gonger: ”Alt det vonda i meg ha eg frå Voss, da goa ha eg frå Sogn”. Uendeleg vakkert er også dette biletet om lengten heim til fjordane: Siste sommaren han levde, fekk han gjesting av ein sogning. Per Sivle heldt då til i Drammnen, og sogningen fekk denne helsinga med seg heim, frå ein sundbroten forfattar: ”Når du kjem heim, so gå ned til bryggja, stikk handi di ned i Sognefjorden, knip åt og sei: Eg skal helsa frå Sivle”.

Det som blir fortalt om Susanna Sivle, går alt berre ein veg: Ho var eit særs dugande og myndig menneske. I tillegg var ho hjartegod som få. Ho hadde ekstra omtanke for fattigfolk og alle som leid naud. Dette høyrde Per alle stader i oppveksten. Han blei ein morsgut. Det seier seg sjølv at dette har vore med på å forma morsbiletet hans. Segn og draum og sakn skapte dette biletet, som altså resulterte i den vakraste morshyllinga vi har i norsk litteratur. Susanna Ryum blei gravid før ho blei gift. I svangerskapet sitt på Stalheim kunne ho sitja og gråta utpå stupet der Stalheimsberget ofsar nedover, blir det fortalt. Skamma og folkesnakket heldt på å ta livet av den sterke kvinna. Ho blei henta heim frå Stalheim av bror sin. Det var vinter og islagd Nærøyfjord. Dei drog med ein høykjelke utetter fjorden. Brått sprang Susanna til og ville hoppa i ei råk.

Broren klarte å stoppa henne i siste sekund, men ho braut lårhalsen. Heime på Ryum ville dei ikkje ta i mot henne, som hadde fare slik, og gjekk med barnet til hestehandlaren og slya Eirik Sivle, i livet sitt. Ho måtte derfor ta inn hos halvsyster si, Gjertrud, som var gift til Frammigarden, Flåm. Der blei Per fødd, og Per stod alltid Gjertrud-moster i Flåm svært nær..

Per Sivle tok sitt eige liv. Han skreiv to dikt til farvel. Eitt av dikta heiter ”Gøym meg Mor!” Diktet fortel om lengten etter mora, lengten etter nærleik, tryggleik og varme. ”Smaaguten kviler ved Mor sin Barm, der er han so urædd og held seg so varm».

Susanna Sivle skal i haust få ein minnestein på den gamle kyrkjegarden på Oppheim, der ho ligg gravlagd. Ved denne minnesteinen blir morslengtande og stor dikting vove i hop med kvinnelagnader i det gamle bygdesamfunnet, der ære i slekta var viktigare enn omsynet til kvinner og uskuldige born.