Om Sogelaget

Aurland Sogelag arbeider for vern og formidling av lokalhistorie i Aurland kommune. Aurland Sogelag vart skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS. Der bygde dei opp “Sivlesamlinga”. ”Sivlesamlinga” inneheld kring 100 gjenstandar og bøker etter diktaren Per Sivle. No er denne samlinga flytta til Kulturhuset på Vangen. I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Ei berande kraft i laget gjennom mange år var lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad (1911 - 2007). Kåre Sønnerheim (1921 - 2006) var styreleiar i mange år og ein sterk pådrivar i alt lokalhistorisk arbeid. Svein Indrelid og Åsmund Ohnstad arbeider no med nye band i serien av bygdebøker.

Nyhende

456465426_bfa5075f31Årsmøte i Aurland Sogelag
14. april kl. 19.30 i Heradshuset
Vanlege årsmøtesaker.
Vel møtt !
——————
God Påske !

Published mars 31st, 2010

Svein Indrelid har fått Aurland kommune sin kulturpris for sitt store arbeid med soga om Flåm. I tre bind formidlar Svein soga om bygdi, gardane, arbeidslivet elles og jarnbanene. Ættesoga er komplett fram til 2009. Aurland Sogelag ynskjer tillukke med ein vel fortent pris. Sjå òg her.

Published desember 22nd, 2009

soga-om-flamDen 3. boka i “Soga om Flåm” tek føre seg gardane Dalsbotn, Tunshelle, Kårdal, Melhus, Berekvam, Vidme og Brekke og stasjonsstadene Myrdal og Upsete.

Svein Indrelid er forfattar også av dette bandet.  Boka kostar kr. 500 og er frå måndag 7. desember til sals i Aurland Sparebank både i Aurland og Flåm. Boka kan og bestillast her, under bygdebøker.

Published november 2nd, 2009