Samferdsla på Nærøyfjorden

Av Åsmund Ohnstad

Langt tilbake i tida fanst det berre gongevegar som kunne nyttast til fots eller til hest. Båten spela difor ei viktig rolle når folka skulle koma seg til andre gardar og bygder.

Vikingtida

Gudvangen er ein av dei eldste marknadsplassane i Norge. Nærøyfjorden har fått namnet etter skipsfartsguden Njord. Han skaffa vind i segla og sytte for at vinden ikkje vart så sterk at båtane kantra. Nærøyfjordområdet har såleis vore busett i uminnelege i tider og i vikingtida var det travel trafikk både på land og sjø. Nærøyfjorden hadde allereie fått ein sentral plass som samferdsleåre mellom Vestland og Austland.

Robåt og seglbåt

Folk i Nærøydalen og ved Nærøyfjorden hadde fram til 1859 si kyrkje i Undredal, og einaste vegen dit var sjøvegen. Det var gudsteneste gjerne ein gong i månaden. Men folka hadde også andre ærend, slik som ved tingsamlingar, ved auksjonar og ærend hjå lensmann og prest. Andre viktige hendingar og samkomer var bryllaup, gravferd og gjestebod.

Offentlege tenestemenn, som fut, sorenskrivar og lensmann nytta fjorden når dei skulle reisa i arbeidsoppdrag innan bygda og til andre bygdelag. Bøndene hadde i mange høve plikt til å skyssa tenestemennene, og det var gjerne reglar for storleiken på båten og kor mange roarar det skulle vera.

Handel spela også ei viktig rolle i eldre tider. På Lærdalsøyri var det marknadsplass, og folk frå Sognebygdene kom dit med varer og for å kjøpa varer. Mykje varer vart førte til Bergen, og då nytta dei gjerne jekter. Ei jekt hadde store segl og god lastekapasitet.

Nærøyjorden var og ein gards- og grendeveg for dei som budde her. Fjorden knytte kontakt mellom folk og var ofte viktigaste transportåra når dei henta heim ved og for frå utmarkene.

Den kongelege postvegen

I 1647 vart det moderne norske poststellet oppretta. Postvegen mellom Kristiania og Bergen gjekk opp gjennom Valdres og til Lærdal. Frå Lærdal til Gudvangen rodde dei posten. Ein slik tur kunne ta 10-12 timar, men då var dei innom og leverte post på fleire gardar. Postvegen gjekk vidare frå Gudvangen til Voss og Bergen. Fraktinga av posten var ordna slik at bønder langs strekninga tok på seg arbeidet med å føra posten forbi sin gard, til neste gard. Desse bøndene vart gjerne kalla postbønder. Ordninga var i bruk like fram til midt på 1800-talet.

Dei første turistane

Tidleg på 1800-talet kom ein ny type trafikk. Velståande personar, nordmenn og utlendingar, reiste frå bygd til bygd for å sjå og oppleva landet. Det fins mange reiseskildringar frå strekninga Lærdal-Gudvangen. Dei reisande ser på landskapet, dyrelivet, fuglelivet og på kle og veremåte hjå innbyggjarane. Dei ungdomane som fekk arbeidet med å ro frå stad til stad fekk inntekter frå denne trafikken.

Moderne køyreveg

I 1840-åra vart det bygt ein moderne og god kjerreveg mellom Nærøydalen og Stalheim. No kunne hestar med vogner fara heile vegen frå Gudvangen til Voss. Sjølve byggverket, Stalheimskleiva, var så stort at folk kom eins ærend for å sjå det. Trafikken auka mykje, både på vegen og på fjorden.

Fylkesbaatane

I 1858 starta Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane opp med ruter til og frå Bergen. Dette var eit viktig tiltak, for distriktet hadde stor utførsel av jordbruksvarer. Dei første åra gjekk dampbåten inn til Styvi, og då måtte bøndene lenger inne i fjorden og i dalen sjølve henta og frakta varene sine ut til Styvi. I 1860-åra gjekk dampbåten til Gudvangen i sommarhalvåret og elles til Styvi. Seinare gjekk båten til Gudvangen heile året. Dei viktigaste vareslaga som bøndene selde var poteter, smør, ost, kjøt, skinn og talg. Salt, sukker, kaffi og alt slags utstyr vart innført.

I 1875 vart det starta opp ei lokalrute mellom Lærdal og Gudvangen. Denne ruta gav Vossebygdene eit betre samband austover, og sambandet mellom Sogn og Hardanger vart betre.

Cruisetrafikken

Kring 1890 kom det ein ny type turisttrafikk til Norge. Store engelske og tyske dampskip kom til fjordane på Vestlandet. Skipa hadde gode lugarar og god service, og velståande folk nytte livet om bord samtidig som dei beundra den norske naturen. Nærøyfjorden og Sørfjorden i Hardanger var svært populære reisemål Trafikken auka på etter som åra gjekk, og den var svært stor ved utbrotet av første verdskrigen i 1914. Etter krigen gjekk han tilbake, men tok seg opp att i 1930-åra.

Bilar og ferjer

I slutten av 1930-åra vart Stalheimskleiva utvida slik at personbilar og bussar kunne køyra der. No kom det ein ny auke i trafikken, både på vegen og fjorden. Fylkesbaatane sette inn ei lita ferje med plass til nokre få bilar i ruta Gudvangen-Lærdal. Ferja var ein ny båt-type konstruert slik at det var plass for mange bilar og folk. Kring 1950, då krigen var komen litt på avstand, sette Fylkesbaatane inn ei stor og moderne ferje med namnet ”Gudvangen”.

Turistruta Gudvangen-Flåm

Den nye bilvegen mellom Gudvangen og Voss, gjorde det muleg å ta rundturen Flåm-Voss med jarnbane, Voss-Gudvangen med bil og Gudvangen-Flåm med båt. Rundturen vart straks veldig populær, og kring 1950 sette Fylkesbaatane inn ein ny moderne båt med namnet ”Balholm”. Denne båten trafikkerte strekninga kvar sommar fram mot midten på 1970-talet.

I 1991 vart det opna ny veg mellom Gudvangen og Flåm, og i 2000 kom tunnelen mellom Aurland og Lærdal. Dermed vart det slutt på nyttetransporten av folk og bilar på strekninga. No var turisttrafikken nesten einerådande på Nærøyfjorden.

Bergverksdrift og transport på fjorden

I 1960-åra vart det starta opp med uttak av stein, kvit anortositt, ved Jordalsnuten i Nærøydalen. Store mengder stein skulle transporterast til mottakarar i inn- og utland. Transport med skip på fjorden var den einaste gode løysinga, og i dag, i 2006, kjem større lastebåtar til Gudvangen for å skipa steinen ut til hamner i europeiske land.