Artiklar

Aurland Sogelag har no klar to ættebøker, 1600 – 1900 og 1901-2010. Dermed er eit sterkt ønskje frå innbyggjarane i Aurland oppfylt. Særleg har det vore stor interesse for ei ættebok frå 1900 og fram til i dag. Ætteboka som kom i 1964 er trykt i nytt opplag med ein del rettingar og tillegg. Det er historikar Åsmund Ohnstad som er forfattar av den nye ætteboka og som har oppdatert den gamle.

Det vart sett ned ei gruppe personar som skulle delta med utlevering og innsamling av spørjeskjema til huslydane. Denne nemnda har vore: Olav Ellingsen, Håkon Loven, Helge Indrelid, Eldbjørg Wangen, Øystein Skahjem, Sigrid Tønnessen, Olav Loven og Johannes Ohnstad. Medlemene i nemnda har òg gjort ein del arbeid med å lesa gjennom manuskriptet før trykking.

Les meir…

Gurid Nesbø Stigen (f. 1918) fortel om korleis dei feira julaftan i Bakkane i Aurland i hennar yngre år. Det heile gjekk føre seg etter eit fast mønster og med tradisjonar frå Nesbø i Aurlandsdalen.

Førebuingi til julefeiringi starta om lag 3 veker før jul. Då bryggja dei, og som regel var det Sjur i Gjerlao som tok seg av det. So var det å samla oska til lutafisken som dei måtte laga heime. Grisen vart slakta slik at dei fekk laga sylteflesk og andre rettar. Flatbrød bakte dei over to heile dagar. Les meir…

Flåmsbana februarAv Noralv Distad

1. august 2010 er det 70 år sidan Flåmsbana vart sett i drift ”for midlertidig trafikk omfattende ilgods og fraktgods.” Ideen om Flåmsbana kom for nesten 140 år sidan. Det var tolmodige og framsynte folk som kjempa fram dette eventyret av ei jarnbane, kvart år kåra til ei av dei mest spennande jarnbanestrekningane i verda. Mange har prøvd, men ingen har klart å ta knekken på Flåmsbana.  Og dei vil aldri klara det ! Les meir…

frondalenav Åsmund Ohnstad

Frondalen ligg 500 moh. på  vestsida av Aurlandsfjorden, rett mot Åtnes. Aust for garden er det eit stort gjel, og på sørsida går det litt bratt nedover mot elva. Her var det bru, litt sørvest for gardstunet. Mot nordvest stig fjella bratt opppover. Garden vart truleg rydda før vikingtida.

Les meir…

anders-o-hyllandav Birger Hylland

Kjosfossen gamle Kraftverk vart bygd for å få fortgang i drivinga av Gravhalsen tunnelen ved Myrdal, som vart rekna for og vera den lengste jernbane tunnel rundt 1900 talet. Dens lengde er 5311 meter. Anleggs arbeidet vart starta 1896 og Turbinane er Schwamkrug –turbiner vart levert av A/S Drammens Jernstøperi og mek Verksted i 1898 og kom antagelig i drift på slutten av1898 eller begynnelsen av 1899. Les meir…

per-sivle-210x300av Birger Hylland

Drenge

1. Peder Eriksen Sivle f 06.04.1857 Prestekarakter Nesten Utmerket godt + Står under Sivle 39a Ettebok for Vossestrand (Diktaren)

2. Ole Olsen Stalheim f 01.04.1857 P. K Meget godt. Daglig tale (Kristi –Ola). Står u Stalheim 76a Ettebok for Vossestrand. Vart gift og fekk 12 barn Flyttet frå Stalheim 1906 til Tyssedal.

Les meir…

skomakarlaksAv Harald Fretheim Sjursen

Båten og not og garna på galgen på vedlagt foto var Karl farbror (Fjello) og Erik morbror (Vangen) sine felleseige. Det var vanleg i Flåm at dei som ikkje hadde naust, hadde slike garn og notgalgar med bylgjebikktak over, inntil ein mur, berghammar eller ein husvegg. Det hadde me og heime på Neset, og Hans Bakketun, seinare Sjur Gjerde, begge fodt Fretheim, aust for Vikjanaustet.

Les meir…

Undredal-fra-HandklefjelletAv Noralv Distad

Ein varm og fin somamardag i 2009 sit eg oppe på Handklefjellet og nyt det fantastiske utsynet. Rett på tvers av fjorden ligg Undredal. Ei flott bygd på alle måtar og eg må tenkja på mine mange spennande og interessante møte med bygda og folket der. Eg bestemmer meg der og då for å skriva om dei fem viktigaste møta eg har hatt med Undredal.

Les meir…

maleriav Harald Sjursen

Frå eldre tid visar eg til Soga om Flåm s.208 kap.6.10.1- og 2.; Aurland Bygdeboka 1835-1985. s 214,215,216. av Anders Ohnstad;- Aurland, Stadnamn og kulturhistorie s. 175 til 209. av Erlend Vinjum.;- På Historisk vandring. s. 89 og 90. av Magne Bjørnestad.;- NRK.no – Fylkesleksikon ”Sildefiske i Flåm”. ; -Aurlendingen nr. 2, 2003, isfiske.

Les meir…

flåmsbanaav Noralv Distad – foto: R.M.Sørensen/Flåm Utvikling

Den 27. november 1909 gjekk opningstoget for Bergensbanen frå aust til vest. Det var to flaggpryda lokomotiv i front, to spisevogner med alle slags kostelege rettar og passasjervogner med Konge, regjeringsmedlemer, jarnbaneautoritetar, sendemenn frå utlandet og eit stort pressekorps. Les meir…

Side 1 av 3123

Oversyn artiklar