Om Kjosfossen gamle Kraftverk og Anders O Hylland

av Birger Hylland

Kjosfossen gamle Kraftverk vart bygd for å få fortgang i drivinga av Gravhalsen tunnelen ved Myrdal, som vart rekna for og vera den lengste jernbane tunnel rundt 1900 talet. Dens lengde er 5311 meter. Anleggs arbeidet vart starta 1896 og Turbinane er Schwamkrug –turbiner vart levert av A/S Drammens Jernstøperi og mek Verksted i 1898 og kom antagelig i drift på slutten av1898 eller begynnelsen av 1899. Den hadde som oppgave å levera straum til nokre Elektriske kompressorar, som skaffa luft til boremaskiner med stjernebor, som dei fekk for og komma vekk frå håndboringen og raskare framdrift.

Det var 2 aggregater med horisontal aksel kvar ca 100 kw. Generatorene var 3 fase,100 kw med spenning 2000 volt 50 per, av eldre konstruksjon. Det var eit jernrør ledning for begge turbinane ca 175m lang. Denne stasjonen var i drift heile døgnet og måtte ha tilsyn heile tiden for det var ikkje mykje automatikk i den tiden. Det var 2 maskinister som gjekk kvar sine 12 timer skift, det var Anders O Hylland f 1875 og Ole O Stalheim f 1857.

Anders begynte i 1898 og det var det året turbinane og generatorane vart levert fra Verkstedet. Så det kan tenkjast Anders har vore med og montert maskinane. Anders var då gift m, Brita O Sivle f 1871 og hadde 2 barn dei budde i stova som foreldra til Anders bodde, i Gudvangen. I folketeljinga 1900 er Brita og 3 barn med i teljinga for Gudvangsøren, mens Anders er med i teljinga for Vatnahalsen oppe med Myrdal. I 1902 vart barn nr 3 som heitte Johannes f 1899 sett vekk til sine Besteforeldre som Budde på Husmannsplassen Nåli under garden Sivle ved Stalheim. Der var han til 1906, for da skulle han begynne på Skulen, og så skulle foreldre flytte til Tyssedal.

Etter 1900 flytte og Brita og dei 2 elste barna til Kårdalen. Det vart født et barn i 1902 Sigurd, i 1903 Anna, og 1905 Mikkel d,e, disse 3 er døypte i Flåm Kirke som er fra 1670. Når Anders Flytte til Tyssedal i 1906 hadde dei fått 6 barn. Ola O Stalheim flytta nokonlunde på samme tid til Tyssedal, han hadde da fått 8 barn. A/S Tyssefaldene blei stifta i Kristiania på Sam Eyde’s Kontor 20 April 1906. Sam Eyde ble Selskapet første generaldirektør. I September 1906 startet anleggsarbeidene for fult, og deriblant en stasjon som vart kalla provisorisk kraftstasjon, Det var denne Anders O Hylland og Ola O Stalheim var maskinister på. Det var en Arbeidsstyrke på ca 500 mann da anleggsarbeidet var kommet godt i gang.

Tilbake til Kjosfossen Kraftstasjon litt om stasjonen etter at Hylland og Stalheim reiste til Tyssedal. Stasjonen var Norges Statsbaner sin eigendom under Bergen Distrikt. Og den var i drift til 27 Oktober 1944. Den sto da fram til våren 1946 då den vart bydd ut for salg. I Juli 1946 vart Utvik E-verk i Stryn, sitt tilbod på 3500 kroner godteke. Maskinene med 175m stålrøyr vart demontert og lasta på jernbanevogn for transport til Flåm. Der frå med Båt til Utvik. Der vart den montert og kom i drift 1947. Den var då i drift til 1967,då vart den stoppa for godt og den gjekk då til skrapjern. Det kan hende taket på stasjonsbygget vart teke av for å få maskinene ut. Men det veit ein ikkje. Taket vart i alle fall selt til ein person som bygde hytte av matrialane.

Dette var i den spede begynnelse av kraft utbygging, og for å få fortgang i byggingen av gravhalsen tunell og få Bergensbanen i gang. Det hadde vore kjekt om den vetle kraft stasjonen i 2005 hadde stått der komplett som eit lite historisk hjelpemiddel. Anders Hylland fortel. Me var to egoistar som gjekk 12 timer skift for 100 kr månen. Det rekna me bra betalt i den tid frå 1898 til 1906. Anders blir spurt kor han likte seg best i rallartiden. Han svara slik. Gildaste tida var ved Gravhalsen , trass i 12 timars skift for der var det fine fiskevatn med 1/2 kilos fisk. Der hadde eg og hestar som gjekk i tunnelen ,så tente eg litt ekstra.

Anders Hylland var født på Kinne ved Voss 20.09.1875. og Olav Stalheim var født 01.04.1857 på Stalheim. Det var litt om ein gammal Kraftstasjon og to Rallarar frå før og etter 1900.

Framfjorden 2005

Birger Hylland.