Om Sogelaget

Aurland Sogelag arbeider for vern og formidling av lokalhistorie i Aurland kommune. Aurland Sogelag vart skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS. Der bygde dei opp “Sivlesamlinga”. ”Sivlesamlinga” inneheld kring 100 gjenstandar og bøker etter diktaren Per Sivle. No er denne samlinga flytta til Kulturhuset på Vangen. I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Ei berande kraft i laget gjennom mange år var lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad (1911 - 2007). Kåre Sønnerheim (1921 - 2006) var styreleiar i mange år og ein sterk pådrivar i alt lokalhistorisk arbeid. Åsmund Ohnstad arbeider no med nye band i serien av bygdebøker.

Informasjon