Bygdebøker
I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Her fins en oversikt over alle bøkene vi har publisert. Bøkene kan kjøpes på Lokalhistorisk Senter og Aurland Strikkedesign (i bankbygget på Aurlandsvangen), eller bestilles her nede. Tillegg for sending av bygdebøker er 100Nkr.
Den 3. boka i “Soga om Flåm” tek føre seg gardane Dalsbotn, Tunshelle, Kårdal, Melhus, Berekvam, Vidme og Brekke og stasjonsstadene Myrdal og Upsete.
Svein Indrelid, utgjeven i 2009
500 Nkr
Dei store linjer, kvardagen, dei kristne verdiane og eit forsvar for Bygde-Noreg. Hefte basert på det manuskriptet Anders J. Ohnstad let etter seg då han døydde i 2007.
Anders J. Ohnstad, 99 sider, utgjeven i 2008
50 Nkr
Dette bandet fortel om gardane, dei som budde der og kva dei har drive med. For kvar gard er det ei slektssoge med mange bilete.
Svein Indrelid, 567 sider, utgjeven i 2007
500 Nkr
Dette er ei kombinert gards- og slektssoge. Det er 18 gardar i området, og historia til desse, frå dei eldste tider og fram til 2006, er omtala. Viktige tema er auke i folketalet, bruksdeling, framvekst av husmannsstellet, utvandring til Amerika og dei ulike sidene ved produksjonen på gardane.
Slektsdelen gir oversyn over dei fleste familiane i området, frå midt på 1600-talet og fram til år 2006. Her eg også eit godt oversyn over korleis gardar og bruk har vorte delte opp i store og små eigedomar. Det er fleire store fargebilete i boka.
Åsmund Ohnstad, 768 sider, utgjeven i 2006.
500 Nkr
Stadnamn i Aurland og kva desse fortel oss av spennande historie. I tillegg artiklar om mellomaldersoga og ikkje minst om fiske i fjord og elv.
Erlend Vinjum, 316 sider, utgjeven i 2004
350 Nkr
Glimt frå dagleglivet i Aurland, historiske emne og eit forsvar for produksjon, i staden for berre å kjøpa.
Anders J. Ohnstad, 93 sider, utgjeven i 2003
130 Nkr
Dette er soga om Flåm, frå dei eldste tider og fram til i dag. Det startar med dei fyrste far etter folk og så fylgjer ein utviklingi gjennom skiftande tider. Arbeidslivet på gardane er grundig skildra. Det same er Bergensbanen og Flåmsbana og det dei har hatt å seia for Flåmsbygdi.
Svein Indrelid, 383 sider, utgjeven 2003
500 Nkr
Glimt frå misjonstid og kyrkje bygging
Anders J. Ohnstad, 32 sider, utgjeven i 2002
50 Nkr
Aurland si rike mellomaldersoge i perioden 850 – 1350. Ei stordomstid før svartedauden la bygdi nesten aude.
Anders J. Ohnstad, 98 sider, utgjeven i 1999
150 Nkr
Ei samling av svært interessante artiklar om utviklinga i Aurland dei siste hundreåra. Natur, utvandring, Bergensbanen og Flåmsbana og livet på gardar og i grender.
Magne Bjørnestad, 200 sider, utgjeven i 1998
250 Nkr