Artiklar

Einar Møinichen var doktor i Aurland i 1890-åra. Han var ein robust type som for ikring alle stader i kommunen, og han var også humorist og likte å spøka med folk. Han likte å ferdast i naturen, fiska og jakta. Då han var pensjonist, skreiv han ei lita bok med tittelen: “Fra mit Jæger og Fiskerliv”. Boka kom ut i Oslo i 1927, og eit par av historiane er frå Aurland. Les meir…

Av Johs. B. Thue

I tidleg vikingtid stod dei norrøne eller dei ålmenn-europeiske gudane vernande rundt menneska, som dyrka gudane sine slik andre europiske folk også gjorde. Gjennom stadnamn i fjordlandskapet vårt i Indre Sogn finn vi klare spor etter denne religiøse arven. Les meir…

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap består av nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i Verda. Det dramatiske og inntrykkssterke landskapet der avstanden mellom ein frodig kyst og karrigare høgfjell er ekstremt kort, er for mange sjølve symbolet på Noreg. Dette er kanskje årsaka til at det norske ordet ”fjord” er del av det internasjonale språket. Les meir…

Av Johs. B. Thue

Det er få songar som rører oss så sterkt som ”Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga”. Det er den morlause sonen si hylling til mor si. Per Sivle skreiv denne songen. Sivle var ein stor diktar og kritisk redaktør. Han hadde heile Nærøyfjordområdet og Flåm som tumleplass i barndommen. Les meir…

Av Anders Ohnstad

For å få eit breiare grunnlag, har eg kombinert lokalsoge, rikssoge og topografi. I mange år har eg vore interessert i Aurland sin mellomalder, særleg perioden 800 – 1350. Det syner seg at vår bygdesoge i Aurland mang ein gong har liner over til rikssoga og omvendt. Dei grip inn i kvarandre. Les meir…

Av Åsmund Ohnstad

Langt tilbake i tida fanst det berre gongevegar som kunne nyttast til fots eller til hest. Båten spela difor ei viktig rolle når folka skulle koma seg til andre gardar og bygder. Les meir…

Av Johs. B. Thue

Indre Sogn er frå gammalt ein osteregion. Her finn vi brun og kvit geitost. Men også gamalosten stod sterkt. Undredal Stølsysteri og Vik Meieri er stolte berarar av ein lang og sikker mattradisjon, basert på lokale råvarer og lokal og nedarva kunnskap. Du har eigentleg ikkje vore i Sogn før du har smakt på desse ostane. Les meir…

Av Inge Aarseth

Den 17 km lange Nærøyfjorden inst i den 204 km lange Sognefjorden er ein av dei villaste og mest imponerande fjordane i verda. Fjorden er spesielt smal og trong, då det er fjell og brear som når over 1700 moh. på sidene, og fjorden er berre 250 m brei på det smalaste. Les meir…

Av Åsmund Ohnstad

Garden er truleg ein av dei eldste i Aurland, kring 2000 år gamal eller noko eldre. Gardstunet ligg fritt og fint til oppå ein hammar med utsyn innover og utover Aurlandsfjorden. I fjellsida ovanfor gardstunet er skog, slåtteteigar og stølar. Les meir…

Av Åsmund Ohnstad

Dei fleste gardane vart rydda etter Kristi fødsel. Undredal og Dyrdal kan vera noko eldre. Etter Svartedauden i 1349/50 var det truleg berre folk i Undredal og Dyrdal. Etter 1850 vart nokre gardar forletne på grunn av utvandring til Amerika. Etter 1900 kom nye næringar til slik som anleggsarbeid, jernbanearbeid, småindustri og turisme. Les meir…

Side 3 av 3123

Oversyn artiklar