Artiklar

kongshellaav Terje Steinulfsson Skjerdal

Steinhelle som ligg åleine i Kongshellebotn. Ho er om lag 4 m lang, 2,5 m brei og knapt ein meter tjukk. Det går ei segn om denne hella. Kong Sverre (1151-1202) og birkebeinarane kom ein gong frå Lærdal over til Skjerdal. Då dei kom til Kongshellebotn, såg dei kornstaurane som stod på åkrane på Fretheim (Flåm). Hærfølgjet trudde det var ein fiendehær som kom imot, og snudde. Les meir…

per-v-peikar-stondalenAv Noralv Distad, 7. juli 2009

Agnes Gromek vitja nyleg Aurland. Ho hadde med seg ei 140 år gammal soge om oldefar sin og hans farefulle ferd over fjellet frå Telemark til Aurland påskeveka 1869.

Det var Sylfest Gardatun som var på veg frå Mogen i Telemark til heimbygda Eidfjord, men han gjekk feil og kom i staden ned til Aurland der han fekk god hjelp. I Aurland har soga vorte kjent i nyare tid og ein trudde at Sylfest kom til Nesbø i Aurlandsdalen. Opplysningane Agnes Gromes hadde med seg, viser at Sylfest kom ned Stondalen og til Belle i Vassbygdi. Les meir…

nils-heimdalUtdrag frå W. H. Ross: “A voyage to Norway, Denmark and Sweden, vol.2″, utgjeven i London 1848.

Midt på 1800-talet og noko før begynte velståande engelskmenn å reisa til Vestlandet. Dei hadde oppdaga landskapet og mulegheitene for jakt og fiske. I 1848 kom det ut ei bok i London med tittelen: “A yacht voyage to Norway, Denmark and Sweden, volume 2, og denne boka var skriven av Lord W. H. Ross. Kring 50 sider handlar om ein tur til Aurland, og nedanfor er eit utdrag frå desse sidene. Les meir…

Festtale av Caroline Houtmanav Caroline Houtman

Aurland, 17. mai 2009

Kjære Aurlendinger, og alle som har kommet hit for å feire grunnlovsdagen i Aurland i dag,

Det var en stor overraskelse å bli spurt om å tale i dag. Kanskje det var en misforståelse? Det måtte jo være en nordmann som skulle tale, og ikke en innvandrer som til og med ikke kan nynorsk? Les meir…

av Åsmund Ohnstad

Dampskipet ”Stavenes” vart levert til Fylkesbaatane frå Bergens Mekaniske Verksteder i 1904. Båten hadde då ei dampmaskin med ei yteevne på 260 hk. Etter levering gjekk båten i lokalrute på Sunnfjord og Nordfjord, men frå midten av 1920-åra gjekk han mest på Indre Sogn. Les meir…

av Noralv Distad

Den 2. desember 2008 var det 150 år sidan damskipet ”Framnæs” la ut på sin fyrste tur frå Bergen til Lærdal. Dei som stod bak skipinga av det fylkeseigde dampskipsselskapet, som seinare fekk namnet Fylkesbaatane, hadde store visjonar. Damskipa skulle føra både til materiell og kulturell vekst. Les meir…

Av Lars Vikesland

Lars Vikesland (1888-1975) var bonde i Aurland. Ved fleire viktige høve skreiv han prologar som han las opp.

Atter er 17. mai opprunnen,
kongssonen komen, sigeren vunnen.
No er det nordmenn som rikjer og rår
i freden og fridomens vår. Les meir…

Av Noralv Distad

I 1865 budde Ola Olsen, Guri Knutsdotter og sonen deira Elling på ein husmannsplass i Vinjane. Dei hadde ei kyr, tre sauer og sådde ei tønne poteter og ei åttandedels tønne bygg. Dei andre borni budde ikkje heime i 1865.  To var flytte til Fjærland. Ola Olsen var fødd  i 1803 på Bjørgo, Guri var fødd  i 1808 på  fjellgarden Stølabotn. 17 år gamal kom ho over fjellet til Aurland. Les meir…

“Under et ophold i Sogn for nogen uker siden avla jeg en vissit paa “Gammleheimen” i Aurland, en ny og prægtig bygning som blev indviet i fjor sommer. Jeg hilste paa en onkel av Per Sivle. Han heter Anders Ryum, og er født i Flaamsdalen. Per Sivles mor var hans søster. I sine yngre aar reiste han meget som driftebonde paa Østlandet, og er fra den tid godt kjendt i bygderne omkring Drammen. Anders Ryum er nu over 90 aar gammel, men trods sin høie alder er han fremdeles i fuld vigør. Les meir…

Av Noralv Distad

Flåm er i dag både eit reisemål og eit trafikknutepunkt. Her finn dei reisande både sterke og varierte opplevingsprodukt og eit pulserande servicesenter. Flåm er ein av dei få turiststadene der servicefunksjonane med butikkar og servering også i seg sjølv er eit attraktivt besøksmål. Nøkkelen til suksess har vore storslegen natur, kommunikasjonsutvikling, visjonar, evne og vilje til strategisk satsing. I denne artikkelen skal me sjå på korleis reiselivet har vakse fram som næring med basis i dei nemnde suksessfaktorane. Les meir…

Side 2 av 3123

Oversyn artiklar