Julaftan med tradisjonar frå Nesbø

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Gurid Nesbø Stigen (f. 1918) fortel om korleis dei feira julaftan i Bakkane i Aurland i hennar yngre år. Det heile gjekk føre seg etter eit fast mønster og med tradisjonar frå Nesbø i Aurlandsdalen.

Førebuingi til julefeiringi starta om lag 3 veker før jul. Då bryggja dei, og som regel var det Sjur i Gjerlao som tok seg av det. So var det å samla oska til lutafisken som dei måtte laga heime. Grisen vart slakta slik at dei fekk laga sylteflesk og andre rettar. Flatbrød bakte dei over to heile dagar. Read more