av Harald Sjursen
Frå eldre tid visar eg til Soga om Flåm s.208 kap.6.10.1- og 2.; Aurland Bygdeboka 1835-1985. s 214,215,216. av Anders Ohnstad;- Aurland, Stadnamn og kulturhistorie s. 175 til 209. av Erlend Vinjum.;- På Historisk vandring. s. 89 og 90. av Magne Bjørnestad.;- NRK.no – Fylkesleksikon ”Sildefiske i Flåm”. ; -Aurlendingen nr. 2, 2003, isfiske.
Som det kjem fram av dette materialet, var det alt i 1720 åra store verdiar å henta i fjorden. Nedsalting av ”Fretheimsild”, ei vårgytande feitsild, var ypperleg til å salta til spike om hausten då ho var på det feitaste.
I 1924 vart det danna notlag i Flåm. Nøtene til notlaget var småmaska nøter (brislingband), som i hovudsak var til fangst av brisling. Notlaget hadde 2 nøter. Ei til å fanga brislingen med, storanoti, ca. 200 m. lang og ca. 16 m. djup i blussen og 6-7 m. på øyro (endane). Den minste noti, ”krengjet”, var berre 70- 80 m. lang og var frå 7 til 12 m. djup. Denne vart brukt til å ha brislingen over i, for at den skulle gå der til den var åtefri.
Når denne var åtefri, kom fiskeoppkjøparar for å henta fangsten, som vart innrapportert til Norges Fiskarlag.
I 1925 var det frå Aurland kommune innregistret 5.000 hl. Brisling til ein verdi av 75.000 kroner. 1150 kg laks til ein verdi av 4.600 kroner og 200 kg. aure til ein verdi av 300 kroner.
I 1927 vart det frå Aurland innregistrert 400 hl. brisling til ein verdi av 16.000 kroner. Ingen registrering av laks og aure. Desse fiskeslaga vart nok, etter kvart, selde lokalt og privat. Kanhenda for å sleppa fiskeavgift.
Dei som eg hugsar var med i notalaget var Anders T. Tokvam, Sjur T. Fretheim (bestefar min), Lars Buene, Hans Fretheim (Bakketun), (Hans i Kyrkøynao) og onklane mine: Johannes Fredheim, Rognald Sørum, Gustav Fridheim, og Eirik Vangen. Seinare overtok han far Martin Fretheim (Sjursen frå 1951), luten til bestefar. Endå seinare overtok Sjur Gjerde luten etter far sin Hans Bakketun og Ingolf Buene luten etter far sin Lars.
Tomta til notalagsnaustet, som vart bygd på dugnad, betalte laget kr.10,00 for kvart år til Anders T. Tokvam.
I 1953 var det mykje brisling på buktene (fjorden) ved Fretheim. Det var i juli mnd. då han far hadde ferie, han prøvde å få dei andre i notalaget med for å kasta etter denne. Men det måtte ein del arbeid til for å få nota brukandes. Den hadde store hol i blussen, midtpartiet av nota. Det var ingen som melde seg for å vera med å bøta denne. Far ringde etter brislingnotband, som nokre dagar seinare kom med Hornelen.
Han far, Ingolf Buene og eg henta noti i Vikjanaustet, breidde den ut på badeplassen på Neset, klypte bort gamle sunde bolkar og sydde inn nye. Etter fleire dagar med arbeid, var noti komen i notabåten, klar for kasting. Båten vart lagd med akterenden inn mot strondi på Vikjakastet (mittkastet), rett nedafor Heimly. Så vart eg med han far i robåten vår og skimla får å få dei mange små brislinstimane saman inn mot land der notbåten låg. Ei skimla var ei trefjøl forma som ein stor fisk, kvitmalt med bly i hovudenden og eit tog , tau, festa i sporenden. Denne vart støytt og dregen opp or sjøen av han far. Eg vart kommandert til å ro i alle dei retningane han ville. Då me hadde samla brislingen inn mot land, rodde eg robåten inn på den sida av notbåten der brislingen ikkje var. Då eg kom i land, fekk eg overlevert notalina av han Karlfarbror (Karl Fjello), og han og han far vassa ut og steig opp i notabåten. Far ropte ro! De var til dei fire karane som alt var å plass framme i båten, klar med kvar si åre. Desse var Ingolf Buene, farbror Håkon Viken, Sjur, (bror min) og Emil Vangen. Det kom fleire til for å hjelpa meg å halda i notalina. Då denne var ute, ropte han far ”krøk!”, og noti vart av far, Martin og ”Kalle” slengd mot rullen bak i notabåten og denne rann fint ut i ein boge. Då halve noti var ute kom eit nytt rop til roarane: ” Krøk svakt mot land!”. Då dei kom til siste øyra av noti høyrde eg: ” Ro mot land!”. Då dei var vel i land, delte dei seg for å dra i kvar si noteline. Når brislingstimen ville prøva å koma unna forbi notalinenne, vart det ropa: ”Slå med tågi!”. Då laut me slå opp og ned med linene så brislingen vart skremd ut att i nota.
Då øyro på nota var komen i land, var det å dra fram grunnlina nokre meter fram om kavllina. Grunnlina var lenger enn botnlina, som var festa med ei ”geil”, slakt snøre til kavllina. Så var barmane i land og fagsten sikra. (Barmane er endane av nota, sydd saman med ei snora mellom kavl- og grunnsnor), Når notalinene var komne i land, var det å ”skjota” desse. Det vil sei å kveila dei saman i ein oval ring.
Det var svært mykje brisling inne i nota, så dei måtte henta vetlenota (krengjet ), for å setja dette rundt øyro og stengja for brislingen mot land. Så vart alt drege ut på fjorden litt, og plentene vart sett på. Plentene var store kaggar, som det vart festa liner til med store dreggar som dei slepte til botn, for å halda noti på plass på fjorden. Landlinene var festa i land. Då dette var gjort, var han far med båten vår inne i nota for å ”lodda”. Det vart slept ned i stimen eit lodd med ei tynn messingstreng i. Med dette tolka ein mengde brisling/sild i nota, for å melda fangsten til Norges Fiskarlag. Brislingen hadde skarpare slag mot messingstrengen enn sild. Brisling har taggar under buken. Det har ikkje silda.
Då notalaget ikkje hadde fleire nøter, kunne dei ikkje kasta etter meir brisling, før denne var åtefri og oppkjøpar kom for å ta imot brislingen. Dette kunne ta ein til to veker. For å sjå om brislingen var åtefri, tok dei ein brisling og strauk buken mellom tommelen og peikefingeren, sleikepotten, mot gatholet. Når det ikkje kom skit ut av dette var den åtefri.
Etter at det var meldt frå om denne fangten, kom det mange ”snørparar” og kasta etter brisling. I Vikjabukta og langs landet mot Bjørkhamraneset og fyrlykta vart det etter kvart tett i tett med brislingsteng.
Då fiskeoppkjøparen kom, vart det frå notalaget sitt steng, levert 1200 skjepper med rein brisling. (ei skjeppe er ca. 20 liter.) Oppkjøparen og snørparane undra seg over korleis ein med ei så lita landnot kunne fanga så mykje brisling.
Då oppgjerdet for fangsten kom, fekk strandeigaren 10% landlut. Halparten av resten vart delt likt mellom eigarane av notalaget, og resten til dei som var med å kasta.
Han far fekk ingenting for kjøp av bluss (notaband). Verken han, Ingolf eller eg fekk heller noko for istandsetting av nøtene.
Sjølv om det ikkje vart ei krone på meg, som eg kunne hatt på sparebøssa, vart eg ei oppleving og ein lærdom rikare, og eg fekk smaken av god nykokt brisling. Kjempegodt!
Flåm 27. sept. 2009.
