Steinhelle i Kongshellebotn i Skjerdal
Filed Under artiklar | Kommentarer av
av Terje Steinulfsson Skjerdal
Steinhelle som ligg åleine i Kongshellebotn. Ho er om lag 4 m lang, 2,5 m brei og knapt ein meter tjukk. Det går ei segn om denne hella. Kong Sverre (1151-1202) og birkebeinarane kom ein gong frå Lærdal over til Skjerdal. Då dei kom til Kongshellebotn, såg dei kornstaurane som stod på åkrane på Fretheim (Flåm). Hærfølgjet trudde det var ein fiendehær som kom imot, og snudde. Read more
Amerikansk dame med verdifulle sogeopplysningar til Aurland
Filed Under artiklar | Kommentarer av
Av Noralv Distad, 7. juli 2009
Agnes Gromek vitja nyleg Aurland. Ho hadde med seg ei 140 år gammal soge om oldefar sin og hans farefulle ferd over fjellet frå Telemark til Aurland påskeveka 1869.
Det var Sylfest Gardatun som var på veg frå Mogen i Telemark til heimbygda Eidfjord, men han gjekk feil og kom i staden ned til Aurland der han fekk god hjelp. I Aurland har soga vorte kjent i nyare tid og ein trudde at Sylfest kom til Nesbø i Aurlandsdalen. Opplysningane Agnes Gromes hadde med seg, viser at Sylfest kom ned Stondalen og til Belle i Vassbygdi. Read more
Då engelskmennene skulle jakta rein i Aurland
Filed Under artiklar | Kommentarer av
Utdrag frå W. H. Ross: “A voyage to Norway, Denmark and Sweden, vol.2″, utgjeven i London 1848.
Midt på 1800-talet og noko før begynte velståande engelskmenn å reisa til Vestlandet. Dei hadde oppdaga landskapet og mulegheitene for jakt og fiske. I 1848 kom det ut ei bok i London med tittelen: “A yacht voyage to Norway, Denmark and Sweden, volume 2, og denne boka var skriven av Lord W. H. Ross. Kring 50 sider handlar om ein tur til Aurland, og nedanfor er eit utdrag frå desse sidene. Read more