“Under et ophold i Sogn for nogen uker siden avla jeg en vissit paa “Gammleheimen” i Aurland, en ny og prægtig bygning som blev indviet i fjor sommer. Jeg hilste paa en onkel av Per Sivle. Han heter Anders Ryum, og er født i Flaamsdalen. Per Sivles mor var hans søster. I sine yngre aar reiste han meget som driftebonde paa Østlandet, og er fra den tid godt kjendt i bygderne omkring Drammen. Anders Ryum er nu over 90 aar gammel, men trods sin høie alder er han fremdeles i fuld vigør. Read more

Framveksten av reiselivet i Flåm

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Av Noralv Distad

Flåm er i dag både eit reisemål og eit trafikknutepunkt. Her finn dei reisande både sterke og varierte opplevingsprodukt og eit pulserande servicesenter. Flåm er ein av dei få turiststadene der servicefunksjonane med butikkar og servering også i seg sjølv er eit attraktivt besøksmål. Nøkkelen til suksess har vore storslegen natur, kommunikasjonsutvikling, visjonar, evne og vilje til strategisk satsing. I denne artikkelen skal me sjå på korleis reiselivet har vakse fram som næring med basis i dei nemnde suksessfaktorane. Read more

Bjørnejakt kring 1890

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Einar Møinichen var doktor i Aurland i 1890-åra. Han var ein robust type som for ikring alle stader i kommunen, og han var også humorist og likte å spøka med folk. Han likte å ferdast i naturen, fiska og jakta. Då han var pensjonist, skreiv han ei lita bok med tittelen: “Fra mit Jæger og Fiskerliv”. Boka kom ut i Oslo i 1927, og eit par av historiane er frå Aurland. Read more

Vikingane sine gudar langs fjorden

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Av Johs. B. Thue

I tidleg vikingtid stod dei norrøne eller dei ålmenn-europeiske gudane vernande rundt menneska, som dyrka gudane sine slik andre europiske folk også gjorde. Gjennom stadnamn i fjordlandskapet vårt i Indre Sogn finn vi klare spor etter denne religiøse arven. Read more

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap består av nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i Verda. Det dramatiske og inntrykkssterke landskapet der avstanden mellom ein frodig kyst og karrigare høgfjell er ekstremt kort, er for mange sjølve symbolet på Noreg. Dette er kanskje årsaka til at det norske ordet ”fjord” er del av det internasjonale språket. Read more

Av Johs. B. Thue

Det er få songar som rører oss så sterkt som ”Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga”. Det er den morlause sonen si hylling til mor si. Per Sivle skreiv denne songen. Sivle var ein stor diktar og kritisk redaktør. Han hadde heile Nærøyfjordområdet og Flåm som tumleplass i barndommen. Read more

Av Anders Ohnstad

For å få eit breiare grunnlag, har eg kombinert lokalsoge, rikssoge og topografi. I mange år har eg vore interessert i Aurland sin mellomalder, særleg perioden 800 – 1350. Det syner seg at vår bygdesoge i Aurland mang ein gong har liner over til rikssoga og omvendt. Dei grip inn i kvarandre. Read more

Samferdsla på Nærøyfjorden

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Av Åsmund Ohnstad

Langt tilbake i tida fanst det berre gongevegar som kunne nyttast til fots eller til hest. Båten spela difor ei viktig rolle når folka skulle koma seg til andre gardar og bygder. Read more

Verdsarvområdet som osteregion

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Av Johs. B. Thue

Indre Sogn er frå gammalt ein osteregion. Her finn vi brun og kvit geitost. Men også gamalosten stod sterkt. Undredal Stølsysteri og Vik Meieri er stolte berarar av ein lang og sikker mattradisjon, basert på lokale råvarer og lokal og nedarva kunnskap. Du har eigentleg ikkje vore i Sogn før du har smakt på desse ostane. Read more

Nærøyfjorden – geologi og utforming

Filed Under artiklar | Kommentarer av

Av Inge Aarseth

Den 17 km lange Nærøyfjorden inst i den 204 km lange Sognefjorden er ein av dei villaste og mest imponerande fjordane i verda. Fjorden er spesielt smal og trong, då det er fjell og brear som når over 1700 moh. på sidene, og fjorden er berre 250 m brei på det smalaste. Read more

Next Page →